|
Tussefløyta:
Blant dei eldste norske folkeinstrumenta våre høyrer
bukkehornet, luren og seljefløyta. Luren og bukkehornet
var opprinneleg ikkje instrument, men hjelpereiskapar i seterlivet.
Med sin kraftige tone kunne ein både skremme rovdyr og
samstundes lokke på buskapen. Etter kvart vart dei utvikla
til brukbare instrument. Seljefløyta med sin vare naturtone
var derimot brukt berre som instrument.
Trefløyta kom seinare (ca. 200 år gamal), og
for første gong kom eit blåseinstrument med ei fast
tonerekkje (skala), og det var eit stort framsteg. Trefløyta
fekk etter kvart mange namn - tyskarfløyta, tyssefløyta
og tussefløyta. Den første nemninga kom truleg
av at den norske trefløyta opprinneleg var ein kopi av
den tyske blokkfløyta. Etter kvart gjekk nemninga over
til tussefløyte, og det heng saman med ein interessant
tradisjon som er teikna ned om instrumentet (Universitetsbiblioteket
i Bergen). Der heiter det at flinke fløytespelarar "kunne
lokke til seg skogens bevingede skapninger" med tonane frå
fløyta. Etter eldre tiders overtru meinte dei då
at fløytetonane hadde trolsk og magisk evne, og vart knytt
til dei underjordiske - til tussefolket. Eg har sjølv
røynd mange gonger at tonane frå fløyta har
verka inn på fuglane i skogen, og eg har hatt mang ei fin
oppleving saman med tussefløyta på mine vandringar
i skog og fjell.
Dette hefte er ei samanslåing av dei tidlegare to hefta.
Eg har vald ut dei låtane eg held for å vera dei
beste og dei mest populære.
Dette er ei revidert utgåve, då ein del av låtane
er noko endra - ikkje i melodi, men i notasjon, harmonisering
og understemmer.
Heftet er laga i eit noko større format, slik som Tussefløytelåter
3. Dette er gjort for at sjølve notebiletet skal bli større
og tydelegare, mellom anna med tanke på skuleborna.
EGIL STORBEKKEN.
|